Kvamshallingen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kvamshallingen er ein gangar i 2/4-takt, som er nytta i Hordaland og Telemark. Namnet skriv seg frå spelemannen Jon Kvammen eller Jon Kjos. Slåtten er og kjend som Gamle-Eirik.

Namnet Kvamshallingen er mest nytta aust i Telemark, mellom anna av Knut Dale. Gamle-Eirik er nytta lenger vest. På Voss spela Ola Mosafinn ei form etter Isak Rokne. Slåtten er då å rekne attende til 1700-talet både i Hordaland og Telemark, sidan både Jon Kjos og Nils Rekve tykkjest ha kjend han. I Hardanger var namnet Holsteinslåtten nytta.

Remove ads

Variantar

Slåttekrinsen har nr 148 i hardingfeleverket, og tel fem trykte variantar.

  • c: Halling, etter Ola Mosafinn, Voss [daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal nye slåttar nr 10). Mosafinn hadde slåtten etter Isak Rokne. Slåtten er rekna som hardingslått frå Granvin, og kan skrive seg frå spelemannen Eirik Medås. Slåtten har fleire namn, mellom dei Holsteinslåtten. Bjarne Ljones peikar på at slåtten kan vera knytt til ein gamal marsj som har vore spela i Holstein, der mange nordmenn var i militær teneste på 1700-talet (Om Arne Bjørndals noteoppskrifter, Bergen 1985).
  • d: Vosserull, etter Olav R. Berge [daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1956 etter minne (G 1048). Denne forma slekter mykje på Mosafinn-forma, og Myllarguten kan ha lært ho i Hardanger.
  • f: Gamle-Eirik, etter Eivind Groven [daud lenkje]. Skriven ned etter opptak i NRK gjort 1948. Groven skriv sjølv at slåtten er etter Olav R. Berge og Øystein Hovdestad. Dette er Grovens eiga form, og han har skøytt i hop form d og e, og lagt til noko sjølv.
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads