Granvin herad

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Granvin herad
Remove ads

Granvin herad er ein tidlegare norsk kommune i Hardanger i Hordaland fylke. Granvin var ein av dei kommunane i landet som nytta nemninga «herad» i staden for «kommune». Våpenet til kommunen er ei hardingfele.[1] Heradskommunen vart oppretta i 1891. 1. januar 2020 vart Granvin slegen saman med Voss kommune til Voss herad.

Thumb
Bilde tatt ved Granvinsvatnet medan det bryggar opp til regn.
Foto: G.K. Tjoflot
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Geografi

Granvin er ein av dei sju hardangerkommunane. Granvin er lett å koma til med båt eller bil. Granvinsfjorden går heilt inn til sentrum, til det gamle trafikk-knutepunktet Eide. Riksveg 13 går mellom Voss og Granvin. Fylkesveg 7 går til Bergen langs Hardangerfjorden. Det tek 30 minutt til Voss og ca. 2 timar til Bergen eller til Flesland flyplass med bil. Det går òg buss til Bergen og Voss. Frå Kvanndal går det ferje til Kinsarvik og Utne i Ullensvang herad. Hardangerbana, som var ein sidebane til Bergensbanen og førte frå Granvin til Voss, vart lagt ned i 1985.

Bygda har tradisjonelt vore tufta på skog- og jordbruk som næringsveg. Dette er òg grunnlaget for seinare års industriutvikling, med Granvin Bruk

Remove ads

Historie

Granvin vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. Det første namnet var Graven heradskommune, men i 1898 vart dette endra til Granvin.

I april 1940 var det kamphandlingar ved Skjervefossen i kommunen, etter at tyske troppar hadde blitt sett i land inst i Granvinsfjorden og heldt fram over land mot Voss.

1. januar 1964 vart eit område rundt Kvanndal, langs Hardangerfjorden i vest, overført frå gamle Kinsarvik herad til Granvin herad, som dermed fekk grense til Kvam herad i vest.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Granvin kommune frå 1920:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...
aTalet omfattar ikkje området rundt Kvanndal, som vart overført til Granvin herad frå Kinsarvik kommune i 1964. Dette området hadde då 72 innbyggjarar.
Remove ads

Politikk

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Granvin vart halde i 1928.

ÅrBygdelisteArbeidarpartietSamlingslisteSenterpartiet/
Bondepartiet
VenstreHøgreFelleslisterSosialistisk
Venstreparti
1928[5]93
1931[6]Ikkje listeval
1934[7]Ikkje listeval
1937[8]813
1945[9]66
1947[10]Ikkje listeval
1951[11]831
1955[12]3181
1959[13]373
1963[14]373
1967[15]463
1971[16]472
1975[17]247
1979[18]3721a
1983[19]3622a
1987[20]3622
1991[21]26221
1995[22]26221
1999[23]26221
2003[24]35212
2007[25]6412
2011[26]4531

a Fellesliste Venstre/Kristeleg Folkeparti

Kjende personar frå Granvin

Grunnkrinsar i Granvin herad

Granvin er eitt delområde som er deld inn i åtte grunnkrinsar.[27]

Remove ads

Sjå òg

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads