Kvannhovden fyrstasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kvannhovden fyrstasjonmap
Remove ads

Kvannhovden fyrstasjon er eit fyr som ligg nordvest på Hovden, 15 km nordvest for Florø i Kinn kommune, Vestland.

Thumb
Plasseringa til Kvannhovden fyrstasjon
Kjappe fakta Fylke, Kommune ...

Fyret vart oppretta i 1895 og fyrlykta tent 5. november 1895. Fyret hadde i vanleg veikelampe og først i 1932 vart denne oppgradert til ei langt kraftigare glødepære. Fyret står på ein karakteristisk knaus på Hovden og lyshøgda er 40 meter over havet. 6. januar 1918 gjekk «Olga» på grunn i nærleiken av fyret.

Etter den andre verdskrigen vart det tilsett ein fyrassistent og bygd eigen assistentbustad. I 1960 fekk fyret to elektriske generatorar. Frå 1968 vart fyrstasjonen ein tørnstasjon. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1980.

Fyret er eigd av Kystverket, men stiftinga Over Stokk og Stein tek seg av vedlikehaldet og driv utleige av fyret med høve for overnatting.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Litteratur:

  • Seim, Einar: Fyrar og farljos. Udatert, ikkje prenta.
  • Bremanger Sogelag: Gamalt frå Bremanger. Førde 1981.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads