Florø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Florø er ein by i Noreg, den vestlegaste byen i landet. Han er administrasjonssenter i Kinn kommune saman med Måløy.[1] Han var også administrasjonssenter i tidlegare Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke.[1] Florø hadde bystatus frå 1860 etter utskiljinga frå Kinn kommune og fram til 1964, då byen vart slegen saman med kommunane Kinn, Bru og Eikefjord til bykommunen Flora.
Næringslivet i Florø er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Byen er stoppestad for Hurtigruta. Byen trekk folk mellom anna gjennom det årlege Kinnaspelet og ein rockefestival. Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet gjev eit historisk perspektiv.
Byen vart grunnlagd på øya Florelandet og har sidan spreidd seg til naboøya Brandsøya.
Remove ads
Florø kommune
Florø vart skild ut frå Kinn som eigen bykommune i 1860. 1. januar 1964 vart han slått saman med Kinn, Eikefjord, storparten av Bru, og mindre delar av Vevring og Bremanger til den nye storkommunen Flora.
Folketalsutvikling
Remove ads
Melodi Grand Prix
22. januar 2011 var Florø vertsby for den andre delfinalen i Melodi Grand Prix, og 4. februar 2012 var han vertsby for den tredje delfinalen.
Utmerkingar
- 1998: Miljøbyprisen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads