Kvarven i Bømlo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvarven er ein gard på Selsøyo i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Han høyrte inntil 1990-talet til Fitjar kommune. Garden grensar til Eidet i aust og Torgjo i nord. I vest ligg Brandasund på Gisøyo, medan øya Vikøyo ligg i sør.
Garden på øya var opphavleg husmannsplass under Brandasundet og den første husmannen der er nemnd i 1668.
Remove ads
Namn
Namnet på garden er nytta om eit nes som stikk ut i skipsleia som ferdselen må svinga rundt. Den same tydinga har til dømes Kvarven i Bergen.
Gardsnamnet vart skrive Qvarven i 1720, Qvarvøen i 1732, Kværnes i 1780, Qværven og Qvarven i 1838, og sidan 1890 Kvarven.
Kjelder
- Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads