Torgjo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Torgjo er ein gard på Selsøyo i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Inntil 1990-åra høyrte garden og øya til Fitjar kommune. I tillegg til Torgjo ligg gardane Eidet i aust og Kvarven på øya. I vest ligg Brandasund og i nord Selbjørnsfjorden.
Remove ads
Historie
Torgjo er ein av dei eldste gardane på Brandasundsøyane og var i hevd i 1328, men har seinare truleg lege øyde til slutten av 1500-talet, og han vart først nemnd i 1638 i eit festebrev.
Det har truleg budd folk her i lang lang tid, og det er funne fem steinøkser og ei flintpil på staden.
Namn
Gardsnamnet kjem truleg av at det har vore ein handelsplass her, t.d. i fisketida. Her har òg vore anna ferdsel gjennom Brandasundet.
Namnet har vorte skrive Torvett i 1701, Torvet i 1715, Sellisøen eller Torvet i 1723 og Torge i 1890. Namnet vert no skrive Torgjo, medan daglegnamnet er Torjo. Slektsnamnet som kjem frå garden er Torget.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
