Kveldsfalk

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Kveldsfalk
Remove ads

Kveldsfalk (Falco vespertinus) er ein fugl i falkefamilien med utbreiing i Aust-Europa og Asia. Han er ein trekkfugl som overvintrar i Afrika, men er òg ein vanleg streiffugl i Vest-Europa. Eit individ vart i 2004 for første gongen funne i Nord-Amerika, på øya Marthas Vineyard, Massachusetts.

Kjappe fakta

Dette er ein mellomstor og langvenga falk. Vaksne hannar er einsfarga blågrå, med unntak av djupraud undergump og bein, undersida av vengene er jamt grå. Hofuglar har grå rygg og venger med kraftige tverrstriper, oransje hovud og underside, og eit kvitt andlet med svart augestripe og svarte teikningar som «mustasjar».

Unge fuglar har brun overside og gulbrun underside med mørke lengdstriper, og eit andletsmønster som hoa. Kveldsfalken er 28-34 cm i kroppslengd med eit vengespenn på 65-75 cm. Den gjennomsnittlege kroppsmassen er 155 gram.[1] Denne falken er ein kolonihekkar, gjer gjenbruk av gamle reir av kråkefuglar, til dømes kornkråker. Han legg 2-4 egg.

Bestanden er trudd å vere minkande[2] som følgje av habitatstap og jakt. I Europa minkar populasjonen med meir enn 10 % per tiår. Den maksimale levetida til denne arten er ca. 13 år som vill og 18 år i fangenskap.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads