Kverneland Group
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kverneland Group er ein norsk fabrikant av landbruksutstyr, særleg av plogar. Selskapet er eit av verdas største på sitt område, og vart etablert av Ole Gabriel Kverneland (1854-1941) i 1879.[2]

Hovudkontoret ligg i Klepp kommune, i tettstaden Kvernaland, og Kverneland har om lag 2 300 tilsette på verdsbasis. Konsernet har fabrikkar i Noreg, Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike, Italia, Russland og Kina.[3]
Kverneland var ei familiebedrit til ho vart notert på Oslo Børs i 1983. I 1989 vart Kverneland ASA stifta som akssjelskap. Frå midten av 1990-talet vart selskapet utvida gjennom kjøp av andre landbruksutstyrsfabrikantar i Europa. Då hadde det allereie kjøpt opp Globus Maskinfabrikk i Brumunddal i 1955, Plovfabrikken Fraugde i Odense i 1973, Kyllingstad Plogfabrikk på Kleppe i 1984 og Underhaugs Fabrikk på Nærbø i 1986. I 2012 fekk Kverneland Group det japanske føretaket Kubota som eigar.[4] Selskapet vart teke av Oslo Børs i mai 2012.[5]
Remove ads
Galleri
- Kverneland grubb.
- Kverneland skålhorv.
- Kverneland fjørhorv.
- Kverneland Accord såmaskin.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads