Kvikk Lunsj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvikk Lunsj er produktnamnet for ein kjekssjokolade som blei lansert av søtsakprodusenten Freia i 1937.[1] Kvikk Lunsj blir i dag produsert av Mondelez International og selt i Noreg, Sverige og Danmark.

Kvikk Lunsj er blitt framstilt som ein «tursjokolade» sidan lanseringa, og mange assosierer han med skiturar, spesielt i påskeferien, der sjokoladen ofte blir brukt som energigjevande niste.
Remove ads
Skildring
Sjokoladen består av fire avlange kjeksbitar omgitt av sjokolade. Mellom kjeksbitane er sjokoladelaget tynnare slik at det er lettare å dele sjokoladen. Kjeksen er laga som er steikt til flak og trykka ut til avlange bitar som blir limte saman i tre lag. Fire og fire bitar blir lagde saman og trekte med mjølkesjokolade.[2]
Historie
Sidan lanseringa har Kvikk Lunsj blitt laga på ein fabrikk på Rodeløkka.[2]
Oppskrifta på Kvikk Lunsj har vore den same sidan 1930-talet.[2] Designet på innpakninga har også vore lik, men i 1960-åra trykte Freia fjellvettreglane på baksida.[1] Innpakninga blei endra frå papir til plast i 2005, noko som vekte sterke reaksjonar.[2]

Kvikk Lunsj liknar mykje på Kit Kat, ein sjokolade som blei laga for den britiske marknaden av Rowntree Limited frå 1935.[3]
Kvart år blir det laga kring 50 millioner plater Kvikk Lunsj, mellom fire og fem tonn. I løpet av eitt år et kvar nordmann i gjennomsnitt ni Kvikk Lunsj-sjokoladar. Fire av desse blir etne i løpet av påska.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads