Kvinnesultanatet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kvinnesultanatet
Remove ads

Kvinnesultanatet (tyrkisk Kadınlar saltanatı) var ein periode i Det osmanske riket då konene og mødrene til sultanane hadde uvanleg stor innverknad.[1] Ein set gjerne starten for denne tida til giftarmålet mellom sultan Suleiman I med Hurrem Sultan (Roxelana) i 1533, og slutten med avsettinga av Turhan Hatice Sultan som regent i 1656. Viktige kvinner i denne tida var Mihrimah Sultan, Nurbanu Sultan, Esther Handali, Safiye Sultan, Esperanza Malchi, Beatrice Michiel og Kösem Sultan.

Thumb
Tenkt portrett av Hurrem Sultan (Roxelana)

Sultanaene med innverknad i denne perioden var anten koner av sultanen, med tittelen haseki sultan, eller mor til sultanen, med tittelen valide sultan. Mange av desse kvinnene var opphavleg slavar, ein skikk ein venta i sultanatet ettersom ein meinte tradisjonelle ekteskapsroller innebar for stor risiko for sultanen, som ikkje skulle ha nokon andre personlege band utover tittelen sin.[1] Sultanaene hadde politisk og sosial makt som gjorde at dei kunne påverka det daglege styret av riket og driva velgjerds- og bygningsarbeid, som Valide Sultan-moskeen i Istanbul.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads