Kvote
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvote (frå latin quota pars, 'kor stor del') er ein viss mengd eller part av eit heile.[1] Kvotar kan ha øvre eller nedre avgrensingar. Ressursar, produksjon og sal kan styrast av kvotar. Ofte er det styresmaktene som tildeler kvotar.
Mjølkekvote
- For meir om dette emnet, sjå Mjølkekvote.
Føremålet med mjølkekvotar er å tilpass produksjonen av ku- og geitemjølk til marknaden.[2]
Fellingskvote
- For meir om dette emnet, sjå Fellingskvote.
For å hindra større uttak enn tilveksten av vilt avgrensar myndigheitene for mykje som kan skytast i kvar jaktsesong. I Noreg vert det tildelt fellingskvotar på hjort, elg, rådyr, dådyr, villrein og bever[3]. Det er fylkesmannen i kvart einskild fylke som, etter tilråding frå dei kommunale viltnemnene, fastsett fellingskvotane.
Fiskekvote
- For meir om dette emnet, sjå Fiskekvote.
For å hindra overfiske får fiskarane tildelt, eller lyt kjøpa, kvotar for ei viss mengd av kvart fiskeslag dei har lov å henta frå havet. Tidlegare var det fritt fiske, men den tekniske utviklinga har ført til at fiske har vorte så effektivt at det er naudsynt å setta grenser for kor mykje som kan fiskast av dei ulike fiskeslaga[4]. I tillegg til nasjonale fiskekvotar forhandlar naboland seg fram til internasjonale fiskekvotar[5]. For Noreg er EU og Russland viktige avtalepartnarar.
Sjå òg
- Kvotering
- Kvoteflyktning
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads