Kylie Minogue av Kylie Minogue

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kylie Minogue er det femte studioalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det kom ut i september 1994. Albumet vart først gjeve ut av Deconstruction Records i store dele av verda, og av Mushroom Records i Australia og New Zealand.

Meir informasjon Kritikk, -kronologi ...
Remove ads

Utgjeving og listeplasseringar

Albumet var den første utgjevinga til Minogue utan produsentane Stock, Aitken og Waterman. I eit forsøk på å utvikle seg sjølv som artist, tok ho ei aktiv rolle i utgjevinga av albumet, og henta inn fleire partnarar. Ifølgje ein av låtskrivarane og produsentane har albumet selt 2 millionar eksemplar verda over, medan den offisielle nettsida seier at albumet selde 500 000 eksemplar på verdsbasis.[treng kjelde]

Kylie Minogue nådde nummer tre i heimlandet Australia og vart sertifisert til platina. Albumet nådde fjerdeplassen i Storbritannia og nummer trettini i Sverige.[1]

Remove ads

Singlar

  • «Confide in Me» var den første singelen frå albumet, og vart ein av mest suksessfulle utgjevingar til Minogue. Songen låg på førsteplass i fire veker i Australia og nådde andreplass på UK Singles Chart.
  • Den andre singelen «Put Yourself in My Place» nådde nummer elleve i både Australia og Storbritannia. Songen inneheldt ein populær musikkvideo kor Minogue gjenskapte ein sekvens frå Jane Fonda-filmen Barbarella (1968), der ho utfører ein langsom striptease.
  • «Where Is the Feeling?» vart den tredje singelen frå albumet. Songen nådde nummer 16 i Storbritannia og nummer 31 i Australia.
Remove ads

Sporliste

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Kylie Minogue – vokal
  • Greg Bone – gitar
  • Steve Anderson – piano, produsent
  • Brothers in Rhythm – produsent
  • Dancin' Danny D – produsent, remiksing
  • Gerry DeVeaux – produsent
  • Jimmy Harry – produsent
  • Pete Heller – produsent
  • M People – produsent
  • Paul Masterson – produsent, remiksing
  • Ronin – produsent, remiksing
  • Saint Etienne – produsent
  • Dave Seaman – produsent
  • John Waddell – produsent
  • Justin Warfield – produsent, remiksing
  • Wil Malone – strenge arrangement
  • Richard Niles – strenge arrangement, orkestrale arrangement
  • Andy Bradfield – lydteknikar
  • Tim Bran – lydteknikar, assistent produsent
  • Ian Catt – lydteknikar
  • Doug DeAngelis – lydteknikar, miksing
  • Terry Farley – lydteknikar
  • Paul West – lydteknikar, miksing
  • Gary Wilkinson – lydteknikar
  • Paul Wright III – lydteknikar, miksing
  • Niall Flynn – lydteknikar assistent
  • Paul Anthony Taylor – programmering
  • Katie Grand – stilist
  • Rankin – fotografi
Remove ads

Topplisteplasseingar

Meir informasjon Toppliste (1994), Listeplassering ...

Sertifisering

Meir informasjon Land, Sertifisering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads