Kyrkjebø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kyrkjebø er ein tettstad i Høyanger kommune i Vestland fylke, og eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Tettstaden har 223 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg omtrent midt mellom Vadheim og Høyanger sentrum, på nordsida av Sognefjorden. Aust for Kyrkjebø ligg Austreim og Nordeide.
På Kyrkjebø ligg Kyrkjebø kyrkje og barneskulen Kyrkjebø skule.
Frå 1858 til 1964 var Kyrkjebø òg ein kommune, fyrst med namnet Klævold kommune og frå 1890 Kyrkjebø kommune. I 1964 gjekk han inn i den nye Høyanger kommune.
Remove ads
Kyrkjebø sokn
Kyrkjebø er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart overført til Lavik frå Vik prestegjeld i 1809, ved opprettinga av Lavik prestegjeld.[1] Soknet har ei kyrkje, Kyrkjebø kyrkje frå 1869, og i tillegg høyrer Vadheim bedehuskapell til soknet. Fram til 1997 høyrde òg Bjordal kyrkje og Ortnevik kyrkje til soknet, men dei har sidan høyrd til Bjordal og Ortnevik sokn.
Sjå òg
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads