Vadheim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vadheim
Remove ads

Vadheim er ein industri- og strandstad i Ytre Sogn. Staden ligg ved botnen av den fem kilometer lange Vadheimsfjorden i Høyanger kommune i Vestland. Fylkesveg 55 endar i Vadheim og møter E39.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Namnet

Namnet kjem frå orda vadestad og heim. Den lokale uttalen av Vadheim er «Vaim».[1]

Historie

Bondesamfunn

Fram til kring år 1900 har dei fleste innbyggjarane i bygda vore knytte til jordbruket.

Frå gamalt av har Bergen vore ein viktig handelsstad for bøndene i Vadheim. Dei viktigaste salsprodukta var ved, smør og livdyr (ofte hestar) og vart som regel transportert med jekter.[2]

Turisme

Vegen frå Vadheim oppover Ytredalen mot Sunnfjord har vore ein viktig ferdselsveg i uminnelege tider. Hovudvegen frå Vadheim nordover mot Sunnfjord var ferdigbygd i 1895. Den sentrale plasseringa til Vadheim førte til at Vadheim fekk turistferdsle til Sunnfjord og Nordfjord. Særleg på grunn av vegen vidare til Førde og Jølster.[3]

I 1882 vart Vadheim Turisthotell bygd og skyssing av turistar blei ei viktig tilleggsinntekt for bøndene i Vadheim.

Industrialisering

Thumb
Vadheim Hotell ca 1880-1890

Dei høge fjella rundt Vadheim har gitt mogleheiter for utviklinga av kraftintensiv industri. Allereie i 1895 vart det innstallert ein likestraumsgenerator i Vadheim, truleg den første i fylket.

I 1906 kjøpte engelskmannen Edgar Ashcroft fallrettane til kraftverket og skipa Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 1907. Verksemda produserte ei rekke elektrokjemiske produkt fram til nedlegginga av fabrikken i 2007. Industrisatsinga resulterte i at Vadheim blei eit industrisamfunn.

Andre verdskrig

Under Andre verdskrig bygde den tyske okkupasjonsmakta fleire mindre forvarsanlegg i Vadheim. Staden var eit samferdselsknutepunkt som det var viktig å ha kontroll på. I Vadheim står fleire skytestillingar og bunkarsar igjen etter krigen.[4][5]

Thumb
Bunkers i Vadheim
Remove ads

Samferdsel

Vadheim har frå gamalt av vore eit viktig knutepunkt i Ytre Sogn. Ferdselsvegen mellom Vadheim og Sande er nemnt allerie på 1300-talet. I 1785 vart vegen opp Ytredalen klassifisert som rideveg. Frå rundt 1800 vart det bygd ut køyreveg (kjerreveg) på strekninga. Etter dette vart vegen etter kvart ein del av han «Den trondhjemske postveg».

Då steinbrua kom i Ytredalen på byrjinga av 1800-talet, blei den ein del av ein ny køyreveg. I 1837 var vegen klassifisert som hovudveg, og rundt 1850 var han «en av Amtets mest befarne Veie». I 1910 kom dei fyrste bilane i drift frå Vadheim og nordover til Førde og Sandane. Gjennomfarta av folk auka betraktelig etter at båten «Alden» vart sett inn i rute i Sogn i 1888.[6]

Thumb
Gamle Ytredal Bru sett frå E39

Politikk

Historisk sett har Arbeidarpartiet og Senterpartiet hatt stor oppslutning i Vadheim.[7] Valoppslutninga for Stortingsvalet i 2021 og Kommunevalet i 2019 låg høvesvis på 79,7 % og 64 %.[8]

Meir informasjon Parti, Oppslutning ...
Meir informasjon Parti, Oppslutning ...
Remove ads

Kjende personar frå Vadheim

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads