Kyrkjetenar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kyrkjetenar er ein person som er tilsett i ein kyrkjelyd og har hovudansvaret for kyrkjebygningen.[1] Ein kan også jobba frivillig som kyrkjetenar.[2]

Noreg
I Den norske kyrkja blir kyrkjetenarar tilsette av Kyrkjeleg fellesråd i den gjeldande kommunen tilset, og dei får løn ved kommunale tilskot.
Kyrkjetenarar har ein slags vaktmeisterfunksjon der dei kan ta seg av reinhald, rydding, reparasjon og førebuingar til gudstenester, som å varma opp kyrkja, henga opp salmenummer og ordna altarbordet. Kyrkjetenaren er til stades ved dei vanlege gudstenestene og ved vigsel og gravferd. Etter gudstenester har dei ansvar for opprydding. Dei kan også ha ansvar for å ringa med kyrkjeklokkene. Nokre kyrkjetenarar har berre ansvar for innsida av bygget, andre kan også ha ansvar for kyrkjegarden.[3][4]
Dei kan også halda omvisingar i kyrkja for vitjande.
Remove ads
Utdanning
Ein treng ikkje utdanning for å bli kyrkjetenar, men det kan likevel vera ein fordel å ha ei fagutdanning. Nokre kyrkjetenarar har vore på ein vaktmeisterskule eller Kirketjenerskolen. Sistnemnde er driven av Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon, og er eit tilbod organisert som fjernundervisning.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads