Kyzyl

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kyzylmap
Remove ads

Kyzyl (russisk og tuvinsk Кызы́л) er hovudstaden i republikken Tyva i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jenisej, rundt 3700 km aust for Moskva.

Kjappe fakta Kyzyl Кызыл, Plassering ...

Bynamnet tyder «raud» på tuvisk (som i mange andre tyrkiske språk).

Kyzyl ligg der elvane Bolsjoj Jenisej (Store Jenisej) og Malyj Jenisej (Vesle Jenisej) renn saman og dannar Verkhnyj Jenisej (Øvre Jenisej). Kyzyl hevdar å ligge nøyaktig i det geografiske senteret i Asia. Påstanden er omtvistet, men det er reist et monument merket «Asias senter» på engelsk, russisk og tuvisk.

Thumb
Kyzyl - Asiasenteret
Thumb
Musikk- og dramateater i Kyzyl

Kyzyl vart grunnlagt i 1914 som Belotsarsk (russisk Белоца́рск). I 1918 vart namnet endra til Khem-Beldyr (russisk: Хем-Белды́р) og i 1926 til Kyzyl.

Mesteparten av busetnaden ligg sør for elva og følgjer elvebredda, med den tettaste busetnaden sentrert like nedanfor der dei to Jenisej-elvane møter kvarandre.

Byen er administrasjonssenter i Republikken Tuva og er det økonomiske og politiske sentrum i republikken. Av industri finn ein teglverk, sagbruk, møbelfabrikkar og næringsmiddelindustri, i tillegg til ei større transportverksemd.

Kyzyl lufthamn ligg 6 km sørvest for sentrum.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads