Ládonas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ládonas (gresk Λάδωνας), òg kalla Ladon, er ei elv i Hellas. Ho har utspring i Arkadía, vest for Trípoli og er ei av sideelvane til Alfiós, som munnar ut i Det joniske havet.
Elvar i Hellas vart personifisert i gresk mytologi. Ei av døtrene til Ladon var Dafne, som Apollon følgde etter. Ho bad om hjelp frå elveguden Peneos, og han omforma ho til eit laurbærtre. Ei anna dotter, nymfa Metope gifta seg med elveguden Asopos.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ladon River» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads