Løvebakken

From Wikipedia, the free encyclopedia

Løvebakken
Remove ads

Løvebakken er eit vanleg nytta namn på den oppbygde terrassen framfor hovudinngangen til Stortingsbygningen i Oslo, med oppkjørsler som små bakkar opp frå både Karl Johans gate og Stortingsgata. Løvebakken vert òg nytta som ei meir eller mindre humoristisk nemning på Stortinget som institusjon eller Stortingsbygningen som arena for politisk verksemd.

Thumb
Løvebakken, partiet opp frå Karl Johans gate. Avsperringa for å hindre vanleg bilkøyring opp Løvebakken er av nyare dato, og er eit av dei tryggingstiltaka som no vert rekna som påkravd.
Thumb
Ei av dei to løvene på Løvebakken framfor Stortingsbygningen.
Foto: L. Shyamal (2008)
Thumb
Den eine løva fotografert ca. 1874. Bilete frå Riksantikvaren.

Namnet Løvebakken har denne terrassen framfor Stortingsbygningen fått etter to statuar av ei liggjande løve på soklar nedst i kvar av oppkjørslene. Dei er formgjevne av bilethoggaren Christopher Borch og hogget i steinsorten nordmarkitt av straffangar som sat fengsla på Akershus festning i Oslo. Løvene var ferdige samstundes med at Stortingsbygningen stod ferdig i 1866.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads