LORAN

From Wikipedia, the free encyclopedia

LORAN
Remove ads

LORAN (engelsk LONG RAnge Navigation) er eit radionavigasjonssystem som brukar lågfrekvente radiosignal frå tre eller fleire stasjonar for å finna posisjonen til eit fartøy eller fly.

Thumb
LORAN-C-Signal

Prinsippet byggjer på same måte som GPS, der posisjonen vert funnen ved å ta tidsdifferansen frå tida eit signal vart sendt ut, til signalet vert motteke.

Den noverande versjonen av LORAN som primært vert brukt er kalla LORAN-C, som opererer på lågfrekvensbandet mellom 90 og 110 kHz. Bølgjelengdene er frå ca. 2,7 til 3,3 km. Ei effektiv halvbølgjedipolantenne må vera halvparten så lang.

Mange nasjonar, inkludert USA, Japan, Noreg og Russland har hatt LORAN-stasjonar i drift. LORAN vert nytta mindre i moderne tid, mykje grunna den store auken av GPS i den seinare tida. Men LORAN har òg fått ei viktig rolle som backupsystem etter kvart som veikskapar i satellittbasert navigasjon har vorte betre forstått. Dei langbølgja radiosignala kan takast imot under vatn og er difor nyttige for undervassbåtar.

Liste over LORAN-C sendarar. Stasjonar med antennetårn høgare enn 300 m (984 ft) er vist i feit skrift:

Meir informasjon Sendar, Land ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads