Labråten

From Wikipedia, the free encyclopedia

Labråtenmap
Remove ads

59°51′9.4428″N 10°27′26.165″E

Kjappe fakta Labråten 59.852623°N 10.45726806°E / ...

Labråten er ein plass og eit hus i Hvalstaddalen («Kunstnardalen») på Hvalstad i Asker kommune i Akershus fylke. Staden er særleg kjend av di kunstnarparet Arne og Hulda Garborg budde der frå 1898 til 1934.

Eigedomen vart selt til Asker kommune av arvingane, og er no ein del av Asker Museum, Valstads samlinger, som Labråten ligg rett attmed.

Labråten var ein sentral møtestad for ekteparet Garborgs intellektuelle venner, den såkalla Askerkretsen. Mellom dei kjende kunstnarane og likestillingsforkjemparane som møtte der, var Harriet Backer, Kitty Kielland, Fernanda Nissen, Marta Steinsvik, Tilla Valstad, Sophie Werenskiold, Rasmus Løland, Rasmus Steinsvik og Kitty Wentzel. I si tid vart Labråten kalla Målkroken av di så mange målfolk kom på vitjing.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Labråten i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads