Rasmus Steinsvik
norsk journalist og forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rasmus Olai Steinsvik (22. september 1863–22. juni 1913) var ein norsk bladmann (journalist), forfattar, målmann og redaktør, fødd i Dalsfjorden i noverande Volda kommune på Sunnmøre. Rasmus Steinsvik var frå 1896 gift med forfattarinna Marta Steinsvik. Han sette seg tidleg føre å arbeida for fridom for alle, nasjonalt sjølvstende og norsk målreising.

Rasmus Steinsvik var bladstyrar for avisa «Den 17de Mai» frå 1893 til han døydde i 1913. Tysdag 9. januar i 1894 kom fyrste utgåva av «Den 17de Mai». Arne Garborg og Rasmus Steinsvik gjorde opptakt til bladet. Hulda Garborg døypte bladet, og Arne Garborg vart med i bladstova (redaksjonen). Dei same personane var og knytt til avisa «Fedraheimen».
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Nettlenkjer
- Aasentunet om Rasmus Steinsvik, med ymse artiklar
- Herbjørn Sørebø i Dag og Tid om Steinsvik som bladmann
- Nasjonalbiblioteket om "Den 17de Mai".
- Rasmus Olai Steinsvik målmann, journalist, forfatter, redaktør
- Skrifter av eller om Rasmus Steinsvik i bokdatabasen Bibsys[daud lenkje]
- Litteratur
- Dalhaug, Ole: Den 17de mai : Rasmus Steinsvik 1863-1913, 1997.
- Gausemel, Steffen: Rasmus Steinsvik, hovudoppgåve i norsk. Universitetet i Oslo 1937.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads