Jane Grey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lady Jane Grey (12. oktober 1537–12. februar 1554), òg kalla nidagarsdronninga, var ein engelsk kongeleg, ei kort tid rekna som dronning, som blei avretta i Tower of London. Ho blir ikkje alltid rekna med i den engelske tronfølgja, men ho var som femtenåring teknisk sett regent dei ni dagane frå 10. til 19. juli 1553. Ho var av huset Tudor, faren til mormora hennar var Henrik VII av England.

Jane var fødd i Bradgate i Leicestershire. Ho var dotter av Frances Brandon og Henry Grey, hertug av Suffolk,[3] og oldedotter av Henrik VII gjennom dottera hans Mary Tudor.
Fordi forgjengaren hennar, Edvard VI, var mindreårig, blei England i hans tid styrt av riksforstandarane (protektor). Frå 1552 var hertugen av Northumberland riksforstandar. Sonen hans, lord Guilford Dudley, gifta seg med Jane Grey den 15. mai 1553. Målet til hertugen var at den engelske krona skulle tilfalla slekta hans. Han klarte å få den unge og sjukelege kong Edvard til å utelate halvsøstrene sine, Maria og Elisabeth, frå arvefølgja, og i staden peike ut Jane Grey som sin etterfølgjar. Jane Grey var som Edvard protestant, medan eldstesøstera Maria var katolikk. Like etter den engelske reformasjonen var dette eit stridsemne.
Då Edvard døydde 6. juli 1553, aksepterte Jane motvillig krona og blei utropa til dronning. Det viste seg derimot at folket støtta Maria, og borgarmeisteren i London utropa Maria til dronninga i England 19. juli.
Jane Grey og mannen hennar blei arresterte, og dømd til døden for høgforræderi.[3] Året etter blei dei avretta i Tower of London.
Remove ads
Jane på film
Historia om Lady Jane har blitt filmatisert tre gonger:
- Lady Jane Grey; Or, The Court of Intrigue (1923) [4]
- Tudor Rose (1936)[5]
- Lady Jane (1986)[6] Med Helena Bonham Carter og Cary Elwes
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads