Leicestershire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leicestershire (forkorta Leics.) er eit grevskap sentralt i England. Det er kalla opp etter storbyen Leicester, tradisjonelt administrasjonssenteret i grevskapet, sjølv om City of Leicester i dag er ei sameint styresmakt som vert styrt fråskild frå resten av Leicestershire. Grevskapet grensar til Derbyshire i nordvest, Nottinghamshire i nord, Rutland i aust, Warwickshire i sørvest, Staffordshire i vest, Lincolnshire i nordaust og Northamptonshire i søraust.
County Hall, i Glenfield, om lag 5 km nordvest for sentrum i Leicester er sete for Leicestershire grevskapsråd og hovudkvarteret for styresmaktene i grevskapet.
River Soar spring ut aust for Hinckley, heilt sør i gresvskapet, og renn nordover gjennom Leicester før ho munnar ut i River Trent der Derbyshire, Leicestershire og Nottinghamshire møter kvarandre. Store område i nordvest, rundt Coalville, er ein del av det nye National Forest-området som strekkjer seg inn i Derbyshire og Staffordshire. Det høgaste punktet i grevskapet er Bardon Hill på 278 meter over havet. Dette er òg ein såkalla marilyn.
Remove ads
Historie
Dei ytre grensene til Leicester har endra seg lite sidan Domesday Book vart skrive i 1086. Dei einaste større endringane er at Derbyshire har fått eksklaven Measham-Donisthorpe, medan veksten til Market Harborough førte til at Little Bowdon vart overført frå Northamptonshire.
I 1974 vart Rutland underlagt Leicestershire som eit distrikt. Dette vart reversert 1. april 1996.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leicestershire» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads