Lake District

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lake District
Remove ads

Lake District er eit fjellendt område i Nordvest-England. Det ligg i Cumbria og er den einaste staden i England der ein finn høgder over 3000 fot, det vil si drygt 900 meter, over havnivå. Området vart populært som turmål på byrjinga av 1800-talet, då diktarane William Wordsworth, Samuel Taylor Coleridge og Robert Southey skreiv om det. Dei tre vart kjende som Lake Poets. Sidan 1951 har store delar av området vore del av Lake District nasjonalpark.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Plasseringa til Lake District, i kvitt, i Nord-England
Remove ads

Geografi

Området er omkring 55 km langt og breitt. Den siste istida enda for omkring 15 000 år sidan og etterlet det landskapet ein finn i parken, med breie u-dalar og mange innsjøar (lakes) som har gjeve namn til området. Dei høgastliggande områda er steinete, medan ein lenger ned finn myr med lyngvekst. Under tregrensa finst gammal eikeskog side om side med furu som vart planta ut på 1800-talet. På grunn av mykje nedbør i området er bakken ofte gjennomtrukken av vatn.

Det høgaste punktet i parken, og i England, er Scafell Pike, med ei høgd på 978 moh.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads