Lake Ellsworth
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lake Ellsworth er ein subglasial innsjø som ligg i Vest-Antarktis under kring 3,4 km med is. Han er kring 10 km lang og er estimert å vere 150 meter djup.[1] Innsjøen er kalla opp etter den amerikanske oppdagaren Lincoln Ellsworth.
Remove ads
Utforsking
Lake Ellsworth vart oppdaga i 1996 av den britiske forskaren Martin Siegert[2] og er ein av 387 kjende subglasiale innsjøar i Antarktis. Han er ein av dei subglasiale innsjøane som vert forska på fordi ein spekulerer at mikrobar kan ha utvikla seg i dei unike habitata i dei subglasiale sjøane i Antarktis etter ein halv million år i isolasjon.[3] [4] Livet i slike innsjøar må tilpasse seg totalt mørkre, låge næringsnivå, høgt vasstrykk og isolasjon frå atmosfæren. Subglasiale sjøar er derfor unike biologiske habitat. Innsjøen er i flytande tilstand under isen fordi trykket frå den mange tusenmeter tjukke isen over fører frysepunktet til vatnet nedover.[4]
Den 2. mars 2009 gav britiske Natural Environment Research Council ei gruppe britiske forskarar løyve til å bore ned til denne innsjøen i desember 2012. Borninga vart overvaka av Scientific Committee on Antarctic Research frå Det internasjonale vitskapsrådet.[5] Det britiske laget brukte 16 år på å utvikle teknologien til å utforske innsjøen ved hjelp av metodar som ikkje vil forureine vatnet kjemisk eller biologisk.[6] Forskarane nytta varmt vatn til å bore eit borehol som er 36 centimeter breitt ned til isen i innsjøen, så vil ein sonde sendast ned for å hente sediment og analysere vatnet for mikroorganismar.[4][7] Dette er ein test for å avgjere om liv kan oppstå i ekstremt trykk, kulde og næringsfattige miljø. Om gruppa ikkje finn liv, vil det syne at det finst ei grense for kvar det finst vatn og ikkje liv.[6]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads