Lambertbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lambertbreen er ein stor isbre i Aust-Antarktis. Han er kring 100 km brei og over 400 km lang, og kring 2500 meter djup, og står oppført i Guinness rekordbok som den største isbreen i verda. Han drenerer 8% av innlandsisen i Antarktis aust og sør for Prince Charles Mountains og flyt nordover til Ameryisen.[1]
Remove ads
Denne breen vart skissert og namngjeve i 1952 av den amerikanske geografen John H. Roscoe som gjorde ein detaljert studie av området frå flyfoto tekne under USN Operasjon Highjump i 1946-47. Han gav namnet «Baker Threebreen», og nytta kodenamnet som flyfotograferingsflyet og mannskapet nytta om denne kysten i mars 1947, då breen vart oppdaga. Isbreen vart skildra i Atlasregister nr. 14 om antarktiske namn (U.S. Board on Geographic Names i 1956), men vart ikkje nedteikna på publiserte kart. På grunn av dette vart namnet Lambertbreen, gjeve av ANCA i 1957 etter kartlegginga av området av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1956, i staden nytta om denne breen. Han er kalla opp etter Bruce P. Lambert, direktør i National Mapping i det nasjonale departementet for nasjonal utvikling. Han flyt delvis over Lambertgraben og munnar ut i Prydzbukta.
Remove ads
Fjernmåling
Isbreen er viktig i studiet av klimaendringar fordi særs små endringar i klima kan få store konsekvensar for isstraumen ned denne breen.[2] Dei fleste studiane av Lambertbreen vert gjort med fjernmåling på grunn av dei vanskelege vêrtilhøva i området.[3]
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads