Landås

From Wikipedia, the free encyclopedia

Landås
Remove ads

Landås er eit bustadområde i Årstad bydel i Bergen kommune. Det strekkjer seg frå Haukeland sjukehus i nord til Nattland i sør, med Fridalen og Slettebakken i vest og byfjellet Ulriken i aust. Landås høyrde til den tidlegare Årstad kommune, som blei innlemma i Bergen i 1915.

Kjappe fakta Fylke, Kommune ...
Thumb
Landåstorget.
Thumb
Fridalen, Wergeland, Storetveit. Til høgre Fredlund og i bakgrunnen Bønes, Søviknes, Sandsli.

I området finn ein Landåstorget, Landås kyrkje, Landås skule, Landåshallen og fleire sjukeheimar. Elles omfattar Landås for det tettbygde bustader. Nattlandsveien er hovudvegen som strekkjer seg gjennom heile området frå nord til sør, og dannar grensa mot Fridalen og Slettebakken i vest.

Ved byrjinga av 2014 hadde Landås 6 409 innbyggjarar og eit areal på 1,37 km². Det var inndelt i grunnkrinsane Ravneberget, Sollien, Lægdene, Vognstølen, Landås, Landåslien, Meiseveien, Landåstorget, Rugdeveien, Strimmelen, Øvre Kolstien, Kolstølen og Kolstien.

Landås er kjenneteikna av dei mange «stjernehusa» sine, teikna av Målfrid og Jo Svenningsson i 1952. Dei var baserte på ein type bustadhus som hadde vunne utbreiing i svenske drabantbyar på 1940-talet. Slike stjernehus skulle også byggjast på Paddemyren, men berre sporvegsanlegget blei bygt som planlagt. I staden for stjernehus kom det ei høgblokk på 13 etasjar (Mannsverk 4) og ti lågblokker på 4 etasjar rundt eit grøntareal.[1][2]

Området utgjer Landås sokn under Bergensdalen prosti i Den norske kyrkja.[3]

Landås blir dekt av lokalavisa Årstadposten.

Bergen lærarhøgskole flytta hausten 2014 frå Landås til Kronstad, medan Den internasjonale skulen i Bergen flytta inn i den tidlegare lærarskulen, og i 2019 vidare til Sandsli.[4]

Remove ads

Kulturminne

  • Kanonhaugen 39 – Landås hovedgård, freda
  • Vilhelm Bjerknes’ vei 102 – Slettebakken hovedgård, freda
  • Idrettsveien 16 – våningshus på Fridalen gård[5]

Landås bydel

Landås er også namnet på ein tidlegare bydel i Bergen, avgrensa av Ibsensgate/Bjørnsons gate i nord, Inndalsveien/Storetveitvegen i vest, Fantoftvegen i sør, og Nattlandsfjellet og Landåsfjellet i aust. Størstedelen av området låg tidlegare i Årstad herad, men vart innlemma i Bergen kommune i 1915. Området mellom Wergeland og Fantoft låg tidlegare i Fana kommune, og vart innlemma i Bergen i samband med kommunesamanslåinga i 1972. Omgrepet Landås blir framleis nytta om store delar av dette området. Landås bydel vart i 2000 slått saman med nordlege delar av tidlegare Løvstakken bydel (områda Minde, Solheim, Gyldenpris og resterande delar av Fridalen og Kronstad), og fekk namnet Årstad bydel.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads