Mannsverk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mannsverk
Remove ads

Mannsverk er eit område på Landås i Årstad bydel i Bergen.

Kjappe fakta Land ...

Bergen Sporvei hadde bussverkstad i området tidlegare, som er overteke av Tide.[1]

Remove ads

Historie

Tidleg utbygging

I 1819 leigde Claus Grip 200 mål av Landås gard frå stiftsamtmann Edvard Hagerup, med tilbakeføring utan kostnader etter 20 år. Dei fyrste ti åra var gratis. Grip drenerte Paddemyren, bygde vegar og stiar, plantafrukttre og bygde eit våningshus med to etasjar. Området fekk namnet «Mandsværket» i 1823.

Då kontrakten gjekk ut i 1839, nekta Grip å flytta, men blei tvangsflytta i 1845 og døydde kort tid etter. Caspar Lunde overtok eigedommen i 1847, delte han opp i fleire bruk og oppretta gravplassen Niels Lundes Minde.

I 1875 budde ni personar på Mandsværket. Garden blei kalla Mansverket på 1900-talet. Hovudbygningen blei riven under utbygginga av Mannsverk frå 1956.[2]

Flystripe under krigen

Under andre verdskrigen laga tyskarane ei flystripe på Paddemyren ved Mannsverk hovudgard. Etter krigen blei Paddemyren framleis diskutert som flyplass. Sjølv om området låg nær Bergen sentrum og Haukeland sjukehus, var det avgrensa i både breidd og lengd, og Landåsfjellet kunne forårsaka turbulens.[3]

Utbygging med bustadblokker

Mannsverksområdet var på 80 mål og bestod hovudsakleg av dyrka mark, med garden og nokre få andre bygningar. Grunnforholda var svært utfordrande, med mange stader over fem meter til fast grunn, noko som gjorde at området blei halde utanom reguleringsplanen for Slettebakken frå 1950

Reguleringsplanen for Paddemyren blei fyrst behandla i 1952, men helsestyresmaktene var skeptiske til bustadbygging i det myrlendte området. Tradisjonelle bustadblokker ville vera ulønnsame, så kommunen vurderte moderne byggjemetodar og seriebygging, med innhenta kompetanse frå utlandet. På grunn av bustadmangel ønskte kommunen maksimal tomteutnytting og rimeleg opparbeiding. I 1954 blei det vedteke ein reguleringsplan for 528 bustader, forretningar, sporvegsgarasjar og verkstader, med tre 8-etasjars stjernehus og lange bustadblokker. Sporvegen fekk plass i nord, og ein stor ball- og leikeplass blei plassert i sør.

Arbeidsgruppa omarbeidde planen og fekk plass til 588 leilegheiter. Stjernehusa blei erstatta av ei 13-etasjars høgblokk omgitt av ti fireetasjes blokker. Utbygginga byrja hausten 1956 og var ferdig tre år seinare. Det bleibygd ei leilegheit om dagen med prefabrikkerte element, ein metode som blei nytta for fyrste gong i Bergen.

Oppføringa av høgblokka skapte debatt, og området fekk kallenamnet «Blodbyen» på grunn av sosiale problem. For mange innflyttarar frå små og dårlege leilegheiter i sentrum representerte leilegheitene på Mannsverk ei stor standardheving. Eit nytt trekk var at alle uterom som vaskekjellar og buer var inkorporerte i leilegheitene, noko som gjorde kvardagen enklare for husmødrer.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads