Langduskpingvin
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Langduskpingvin (Eudyptes moseleyi), tidlegare underarten Eudyptes chrysocome moseleyi av klippehopparpingvin, er ein liten pingvin i slekta Eudyptes med gul fjørpryd på hovudet. Denne pingvinarten lever i det sørlege Atlanterhavet og i Indiahavet.[1]
Remove ads
Skildring
Langduskpingvinar skil seg lite i utsjånad frå andre i slekta Eudyptes, han har fjørtopp og lys, gult augebryn som endar i ein fjørdust, men augestripa er smalare og kortare enn hos klippehopparpingvinen. Han er ein av dei minste pingvinane, ca. 55 centimeter,[1] berre dvergpingvinen er vesentleg mindre. Langduskpingvin dukkar typisk ned til 18 meter for å hente føde og er under vatn i rundt eit minutt, men han kan gå ned til 100 meters djupne. Føda er sett saman av krepsdyr, fisk og blekksprut, i ei undersøking utgjorde krillarten Thysanoessa gregaria den dominerande mengda av føde.[2] Dei beitar ofte selskapeleg i flokk, og er kolonihekkarar. Kullet er vanlegvis på to egg. Langt dei fleste, ca. 80 %, lever i det sørlege Atlanterhavet, resten av populasjonen i Indiahavet.[3]
Bestanden er estimert til ca. 265 000 hekkande par og er minkande. Arten er rekna som sterkt truga grunna snøgg tilbakegang i heile utbreiingsområdet dei siste tretti åra.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads