Langres
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Langres er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Haute-Marne i Grand Est. Byen har om lag 10 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Som hovudstad i romaniserte keltiske stamma Lingones vart han kalla Andematunnum, og etter kvart Lingones.
Byen er bygd på ein kalksteinsknaus med same namn som byen. Denne skansen var først okkupert av gallarar, og seinare bygde romarane festningsverk i byen som høyrte til den keltiske stamma Lingones. Triumfbogen frå det 1. hundreåret er framleis synleg i byen.
Etter perioden med invasjonar voks byen i mellomalderen, særleg på grunn av at biskopen i byen fekk meir politisk makt. Bispedømet dekte Champagne, Hertugdømet Burgund og Franche-Comté, og biskopane fekk rettane til å prege sine eigne myntar på 800-talet og å peike ut den militære leiaren i byen i 927. Biskopen av Langres var hertug og ein del av adelsstanden i Frankrike. Dei vanskelege åra på 1300- og 1400-talet var årsak nok til at byen forsterka festningsverka sine og Langres gjekk inn i ein periode som kongeleg verjemål. I renessansen, då byen igjen blømde, vart det bygd mange fine bustadar og religiøse og militære bygningar, som framleis står i dag. På 1700-talet bygde Vauban fleire festningsverk i byen.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads