Franche-Comté
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Franche-Comté er ein tidlegare region og før det provins aust i Frankrike. Han bestod av departementa Doubs, Jura, Haute-Saône og Territoire de Belfort og hadde eit folketal på over 1,1 millionar innbyggjarar. Frå 1. januar 2016 vart regionene Bourgogne og Franche-Comté slått saman til ein ny region med namnet Bourgogne-Franche-Comté.[1]
Dei største byane er Besançon (den historiske og moderne hovudstaden i regionen), Belfort og Montbéliard (Storbyområdet Belfort-Montbéliard-Héricourt-Delle). Andre viktige byar er Dole (hovudstad før området vart erobra av Louis XIV seint på 1600-talet), Vesoul (hovudstad i Haute-Saône), Arbois («vinhovudstaden» i Jura) og Lons-le-Saunier (hovudstad i Jura).
Remove ads
Historie
Namnet Franche-Comté oppstod ikkje offisielt før i 1366. Det hadde vore eit område i Burgund frå 888, og provinsen vart ein del av Det tysk-romerske riket i 1034, og vart heilt skild frå naboområdet hertugdømet Burgund då Burgund vart ein del av Frankrike i 1477. Området vart overført til Austerrike i 1481 og Spania i 1556. Franche-Comté vart okkupert av Frankrike i 1668, men levert tilbake då det vart fred etter Freden i Aix-la-Chapelle i 1668. Området vart okkupert på ny i 1674, og til slutt gjeve til Frankrike etter Freden i Nijmegen i 1678.
Folketalet i regionen fall med ein femtedel mellom folketeljingane i 1851 og 1946, noko som viste den låge naturlege veksten i Frankrike og flyttinga til meir urbaniserte delar av landet. Den største folkeutflyttinga skjedde i Haute-Saône og Jura, som er av dei meir jordbruksavhengige områda i landet.
Remove ads
Kultur
Regionsspråket franc-comtois er ein dialekt av langue d'oïl som vert snakka av ein liten del av folket, og vert rekna som eit fransk språk.
Så tidleg som på 1200-talet snakka den sørlege to-tredjedelen av Jura og den sørlege tredjedelen av Doubs ein dialekt av frankoprovensalsk. Ein snakka framleis språket i jordbruksområde på 1900-talet. Frankoprovensalsk vert rekna som eit offisielt fransk språk.
Remove ads
Byar
- Audincourt
- Belfort
- Besançon
- Dole
- Lons-le-Saunier
- Montbéliard
- Pontarlier
- Vesoul
Kommunar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads