Langvatnet i Rana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Langvatnet er ein innsjø i Rana kommune i Nordland fylke. Langvatnet er regulert og fungerer som magasin for Ytteren kraftverk og Reinforsen kraftverk. Langvassgrenda ligg ved vestenden, i nordaust Røvassdalen.
Frå den vestlege delen av Svartisen, renn Glomåga ut i Langvatnet, saman med dei mindre sideelvane Trolldalselva, Leiråga og Ramnåga.
Frå den austlege delen av Svartisen renn Svartisåga og Blakkåga, og dei møter kvarandre som som Raudvassåga, som òg knytt til Langvatnet.
Langvatnet er bunde til Ranelva gjennom Langvassåga.
Oppdemminga av Reinforsen dam, i nærleiken av Reinforsen kraftverk, fører til at Raudvassåga ofte renn ut i Langvatnet. Det medfører òg at vatnet frå Ranelva tidvis renn oppover Langvassåga og ut i Langvatnet.
Straumretninga i Langvassåga er avhengig av tilløpet til og vassstanden i Langvatnet, vassføringane i Raudvassåga og Ranelva, lukestillingane i Reinfossen dam og drifta i Langvatn kraftverk.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads