Rana kommune

kommune i Nordland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Rana kommune
Remove ads

Rana er ein kommune i Nordland fylke. Administrasjonssenteret er Mo. Det norrøne namnet var Radund som truleg har samanheng med adjektivet «radr» som tyder 'rask, snøgg'.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Geografi

Rana kommune er Noregs fjerde største kommune i utstrekning og den tredje største i Nord-Noreg i høve innbyggartal. I sør grensar Rana til Hemnes og Leirfjord kommune, i aust til Storuman og Sorsele kommuner i Sverige, i vest til Rødøy, Meløy og Nesna kommune, og i nord til Saltdal og Beiarn kommune. Rana er prega av store fjellområde og mange dalføre. Store delar av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark ligg i Rana kommune. Ranelva som munnar ut ved Selfors følgjer Dunderlandsdalen nordaustover gjennom ein stor del av kommunen. I sidedalen Røvassdalen ligg fleire kjende kalksteinsgrotter. Grønligrotta og Sætergrotta er opne for publikum.

For meir om dette emnet, sjå Høgaste fjella i Rana.
Remove ads

Andre vassdrag, innsjøer og fjorder

Tettstader i Rana

Forstader til Mo

Bygder og grender

Næringsliv

Ranasamfunnet har i lang tid vore prega av bergverksdrift og industri. Nord i kommunen, ved svenskegrensa ligg Nasa sølvgruver (nedl.). Ved Storforsheia har Dunderland Iron Ore Company (mellom 1902 og 1947) og Rana Gruber (frå 1937) drive ut malm. Denne malmen vart ein periode nytta i produksjonen til Norsk Jernverk på Mo, men blir no skipa ut. I dag har Mo industripark (MIP)tilhald i dei gamle lokala til Norsk Jernverk. Det finske firmaet Ruukki driv i dag med stålproduksjon her. Mo var frå gamalt av marknadsplass, og på 1800-talet etablerte L. A. Meyer seg som kjøpmann på Mo. I dag er Mo det største handelssentrum på Helgeland. Rana har store skogressursar og ein del landbruk.

Remove ads

Dialekt

Dialekten i Rana, ranværing, har både vestnorske og austnorske språktrekk. Tradisjonell ranværing har til dømes kløyvd infinitiv (austnorsk trekk). Gamle jamnvektsord har i hovudsak a-ending (å vara, å søva, å løva), medan overvektsord er apokoperte: å hiv, å skriv, å bit. Unntak er verbstammer som endar på -j: å herje, å belje, å hesje, å delje. I bymålet (dialekta på Mo og omegn) og hos ungdom finst desse dialektmerka mest ikkje lenger. Ranværing har tjukk l av norrøn rd og l. Personleg pronomen 1. person eintal er eg, nektingsadverb er ikkje eller ittje (unge menneske seier ofte ikke).

Remove ads

Kjende ranværingar

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads