Larks' Tongues in Aspic
studioalbum av King Crimson From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Larks' Tongues in Aspic er det femte studioalbumet til den engelske progrockgruppa King Crimson, gjeven ut i 23. mars 1973. Albumet er debutalbumet til den tredje besetninga av King Crimson med opphavleg medlem og gitarist Robert Fripp og dei nye medlemmane John Wetton (vokal, bassgitar), David Cross (fiolin, Mellotron), Jamie Muir (perkusjon) og Bill Bruford (trommer), samt tekstforfattaren Richard Palmer-James. Bruford hadde nettopp forlate Yes før dei la ut på Close to the Edge-turneen. Bruford følte han hadde gjort alt han kunne med Yes på dette tidspunktet og tenkte at det meir jazz-orienterte King Crimson ville passe han. Bandet nyttar her ein del fiolin og forskjellige eksotiske perkusjonsinstrument, som metallplater og mbiraer.
Albumet opnar med eit langt eksperimentelt instrumentalstykke kalla «Larks' Tongues in Aspic (Part I)». Etter dette er det tre songar med vokal, «Book of Saturday», «Exiles» og «Easy Money». Til slutt kjem to instrumentalar til, «The Talking Drum» og «Larks' Tongues in Aspic (Part II)». Instrumentalane på albumet har alle ein sterk jazz-fusion-påverknad, og delar av dei har òg ei heavy metal-kjensle.
«Exiles» har ein Mellotron-intro som bygde på ein annan instrumental kalla «Mantra», som bandet opphavleg hadde spelt i 1969.
Dette er det einaste studioalbumet med denne 5-mannsbestninga. Muir forlet gruppa medan dei turnerte for albumet i 1973. Resten av besetninga spelte inn to album til før Fripp la ned bandet i 1975.
Albumet nådde 20. plassen på den britiske albumlista og 61. plassen på den amerikanske albumlista.[4] I 2012 kom ei 40-årsjubileumsutgåve av Larks' Tongues in Aspic, inkludert ein utvida boks med CD, DVD-A og Blu-ray.
I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock vert albumet plassert på 22. plassen på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».[5]
Prog metal-bandet Dream Theater spelte «Larks' Tongues in Aspic Pt. II» i 2009 på albumet Black Clouds & Silver Linings .
Remove ads
Innhald
40-årsjubileumsutgåva
Remove ads
Medverkande
- King Crimson
- Robert Fripp – elektrisk og akustisk gitar, Mellotron, Hohner pianet, apparat
- John Wetton – bass, vokal, piano på «Exiles»
- Bill Bruford – trommer, timbales, kubjølle, treblokker
- David Cross – fiolin, bratsj, Mellotron, Hohner pianet, fløyte på «Exiles»[6]
- Jamie Muir – perkusjon, trommer, «allslags» (forskjellige tilfeldige ting og instrument)
- Andre medverkande
- Richard Palmer-James – tekstar
- Nick Ryan – lydteknikar
- Tantra Designs – design
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads