Lars Oftedal (1838-1900)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lars Oftedal (27. desember 1838–2. mai 1900) var ein norsk prest og politikar fødd i Stavanger. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1882-85 og for Moderate Venstre frå 1888-91. Oftedal var viktig for bedehusrørsla. Han er òg kjend som grunnleggjar av avisa Stavanger Aftenblad.
- For sonen med same namn, sjå Lars Oftedal (1877-1932).
Oftedal grunnla avisa Vestlandsposten i 1878, som blei eit viktig organ for «Bonde-Venstre». I 1891 måtte han ta avskjed som prest etter ein sedelegheitskandale. Seinare grunnla Oftedal Stavanger Aftenblad, som han bygde opp til ei leiande regionavis.
Remove ads
Kontrovers
I 1887 vart Oftedal angripen av Alexander Kielland i romanen Sankt Hans Fest etter at Oftedal ikkje ville gje Kielland diktargasje. I 1889 kom og Knut Hamsun med eit aggressivt angrep på Oftedal i skriftet Lars Oftedal på oppdrag for Dagbladet. Dagbladet omtala i 2005 dette som «de mest omfattende offentlige angrep noen nordmann er blitt utsatt for i noen avis».[1] Seinare har Alfred Hauge levert et forsvar for Lars Oftedal i skodespelet Morten Kruse.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads