Lars Sponheim

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Lars Sponheim
Remove ads

Lars Sponheim (fødd 23. mai 1957 i Halden) er ein tidlegare norsk politikar og tidlegare leiar av partiet Venstre. Frå 2019 er han fylkesmann i Vestland. Han er òg gardbrukar i Ulvik i Hardanger i Hordaland fylke. Sponheim er gift og har tre ungar.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Lars Sponheim vart vald inn på Stortinget i 1993, etter å ha lovt i valkampen å gå frå Ulvik til Stortinget om han kom inn, noko han gjennomførte. Då hadde Venstre vore utan representasjon i åtte år. Tre år seinare, i 1996 stilte han, som einaste stortingsrepresentant frå partiet, sitt eige kandidatur til leiarvervet på årsmøtet i Venstre. Motkandidaten, den sitjande leiaren Odd Einar Dørum trekte sitt kandidatur, og Sponheim vart vald til leiar i Venstre.

Sponheim var til tider ein omstridd leiar i eige parti, og det vart stilt motkandidatar mot han fleire gonger (mellom andre nestleiarane Trine Skei Grande og Olaf Thommessen, som ikkje ønskte å stille). Men etter det gode valresultatet til Venstre i 2005 var Sponheim sin posisjon i partiet sterkare enn nokonsinne. Etter det dårlege resultatet i valet 2009 bestemte Sponheim seg for å gå av som partileiar. Seinare same år vart han styreleiar i Norsk Tipping.

I 2010 vart Sponheim utnemnd som fylkesmann i Hordaland. I 2019 vart fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slått samna, og Sponheim vart fylkesmann i Vestland.

I 2004 opna Slottet for at statsrådar kan bli tildelt St. Olavs Orden etter 4 års tenestetid. Lars Sponheim vart då utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Remove ads

Utdanning

Yrkeskarriere

Tillitsverv

Politiske verv

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads