Ulvik herad

kommune i Vestland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Ulvik herad
Remove ads

Ulvik herad ligg i Hardanger i Vestland fylke. Administrasjonssenteret er tettstaden Ulvik. Ulvik er ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Viktige næringsvegar er jordbruk, med hovudvekt på frukt- og bærdyrking og saue- og storfehald, og turisme.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Heradet grensar i sør til Eidfjord, i sørvest til Ullensvang, i vest til Voss, i nord til Aurland i Sogn og Fjordane og i aust til Hol i Buskerud.

Thumb
Ulvikfjorden

Ulvik er eit fjord- og fjellherad. Det meste av busetnaden ligg ved Ulvikfjorden og Osafjorden, to sidearmar til Hardangerfjorden. Nordvestre delen av Hardangervidda, med mellom anna Finse, ligg i heradet.

Tidlegare gjekk det ferje frå Bruravik i Ulvik herad til Brimnes i Eidfjord kommune. Dette ferjesambandet vart lagd ned i 2013 då Hardangerbrua opna. Bergensbanen går gjennom kommunen i nord, med stopp på Finse.

Remove ads

Historie

Ulvik herad omfatta fram til 1891 òg det som i dag er Eidfjord kommune og Granvin herad.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Ulvik kommune frå 1920:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...

Grunnkrinsar

Ulvik er eit delområde som er deld inn i elleve grunnkrinsar.

  • Vangsbygda
  • Bangstrond
  • Vambheim
  • Bergo
  • Ljono
  • Brakanes
  • Lekve
  • Osa
  • Finse/Hallingskeid
  • Osafjellet
  • Slondal

Politikk

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Ulvik vart halde i 1919.

ÅrVenstreSenterpartiet/
Bondepartiet
ArbeidarpartietBygdelisteFjellfolketHøgreFelleslisterSosialistisk
Venstreparti
FramstegspartietDemokratane
1919[4]94a3
1922[5]Ikkje listeval
1925[6]842b2
1928[7]88
1931[8]63c61
1934[9]66d4
1937
1945[10]7c9
1947[11]466
1951[12]565
1955[13]5561
1959[14]3662
1963[15]4562
1967[16]44522
1971[17]3761
1975[18]7523e
1979[19]2663
1983[20]4562
1987[21]36521
1991[22]27422
1995[23]67211
1999[24]653111
2003[25]453131
2007[26]642113
2011[27]63332

a "Bondevinstre" b "Upolitisk liste" c "Arbeidar- og småbrukarlista" d "Arbeidarpartiet og Fjellfolket" e Fellesliste Venstre/Kristeleg Folkeparti/Det Nye Folkepartiet

Kjende personar frå Ulvik

Remove ads

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads