Larvik kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Larvik kyrkje er ei langkyrkje i Larvik kommune i Vestfold fylke.
Kyrkja vart innvigd 6. januar 1677. I byrjinga hang klokkene i ein stopul på kyrkjegarden. Tårnet i nord vart oppført i 1758–60. I 1859–64 vart interiøret endra etter planar av Christian Heinrich Grosch, og kyrkja fekk det nygotiske preget ho framleis har i innvendig takkonstruksjon og orgelgalleri. Østportalen med våpenhus er frå same tid. Det er mogleg at kyrkja opphavleg var planlagd som krosskyrkje.
I byrjinga var det gravplass attmed (og under) kyrkja. Næraste gravplass i dag er på Undersbo, under ein kilometer frå kyrkja.
Remove ads
Valkyrkje
Larvik kyrkje var valkyrkje i 1814 og Christian Adolph Diriks blei 4. mars vald til å representere Larvik på Riksforsamlinga på Eidsvoll.[2]
Bilete frå kyrkja
- InteriørFoto: Arnstein Rønning
- Altarbiletet syner nedtakinga frå krossenFoto: Arnstein Rønning
- Nattverda, frå predellaen på altartavlaFoto: Arnstein Rønning
- Døypefonten har namnet til gjevarane og årstalet for gåvaFoto: Arnstein Rønning
- KyrkjeklokkerFoto: Arnstein Rønning
Bakgrunnsstoff
- Wasberg, Gunnar Christie; Nord, Einar (1976). Ett med sin by: Larvik kirke 300 år. Larvik: Menighetsrådet. ISBN 82-990-448-0-4.
- Storsletten, Ola og Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 5: Etter reformasjonen. 1600-tallet. Oslo: ARFO. s. 180-183. ISBN 978-82-91399-15-7.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 553. ISBN 82-7527-022-7.
- «Larvik kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Larvik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads