Last Concert in Japan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Last Concert in Japan er eit konsertalbum av Deep Purple gjeven ut i mars 1977. Innspelinga er frå den siste japanske konserten til Mark IV-besetninga av bandet med Tommy Bolin. Albumet vart spelt inn 15. desember 1975 i Tokyo Budokan og selde til gullplate i Japan.[2]
Konserten sette ny publikumsrekord for Budokan Hall med om lag 14 000 i publikum. Delar av konserten vart òg filma og finst i videoen Rises Over Japan, som berre kom ut i Japan i 1985.
Innspelinga vart kutta kraftig ned for å passe på ei enkel vinylplate. Heile konserten er nymastra og gjeven ut i sin heilskap på This Time Around: Live in Tokyo i 2001. 2001-utgåva hadde i tillegg langt betre lydkvalitet.
På det originale plateomslaget stod det at albumet inneheldt ein konsertversjon av «Woman from Tokyo», når dette i røynda berre var ein del av ein kort jam av hovudriffet spelt under ein Jon Lord sine soloar.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads