Laudal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Laudal er ei grend i Lindesnes kommune i Agder.[1] Laudal er eige sokn og var eigen kommune frå 1899 til 1964. Soknet tilsvarar den tidlegare kommunen.[2]
Remove ads
Samfunn
I Laudal sentrum ligg Laudal barnehage. Ved sida av barnehagen ligg Laudal skule.[3] Skulen er ein fådelt barneskule. Det betyr at klassane er fortrinnsvis kvar for seg i basisfaga; rekning, norsk og engelsk. I dei andre faga er klassane saman på tvers av klassetrinn. Skulen har òg SFO.[4]
Laudal kommune
Kommunen blei oppretta i 1899 då han blei skilt ut frå Øyslebø og Laudal kommune; den tidlegare kommunen var 250 km² og hadde 1827 innbyggarar då han blei delt.[2]
I 1964 blei Laudal slått saman med Øyslebø, bortsett frå Brunvatne; Bjelland, bortsett frå Ågedal/Midtbø; den nye kommunen fekk namnet Marnardal. Ved samanslåinga var Laudal kommune 93 km² og hadde 560 innbyggarar.[2]
Laudal kyrkje
Laudal kyrkje er ei krosskyrkje i tre som blei bygga i 1826. Kyrkja har 300 sitteplassar.[5]

Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads