Laura Dahlmeier

tysk skiskyttar (1993–2025) From Wikipedia, the free encyclopedia

Laura Dahlmeier
Remove ads

Laura Dahlmeier (22. august 199328. juli 2025) var ein tysk skiskyttar frå Garmisch-Partenkirchen som vann både gull, sølv og bronse i VM 2015 og 2016, i tillegg til seks renn i verdscupen i skiskyting.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Dahlmeier debuterte i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji. Ho vann sitt fyrste verdscuprenn då ho sigra i 7,5 km i Nové Město na Moravě 7. februar 2015 og har pr 1. mars 2016 vunne i alt seks tevlingar i verdscupen, tre av dei i jaktstart.

Under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti kom ho på fjerdeplassen i sprinten og tok sølvmedaljen i den etterfylgjande jaktstarten. Sidan vart ho nummer seks i 15 km og gjekk så Tysklad inn til gullmedalje i 4 x 6 km stafett. Året etter tok ho bronsemedaljen i 7,5 km sprint då VM i skiskyting 2016 fann stad i Oslo.

Ho la opp i mai 2019.[1]

Remove ads

Fjellklatring

Etter at ho la opp som skiskyttar byrja ho med fjellklatring og var ein del av fjellreddingsgruppa i Garmisch-Partenkirchen.[2] Den 28. juli 2025 var ho og klatrepartnaren på tur opp Laila Peak i Karakorum i Pakistan då dei ble ramma av eit steinskred.[3] Partnaren blei redda ut, men Dahlmeier låg slik til at redningshelikopteret ikkje klarte å nå henne. Ved overflyging blei det konstartert at ho var hardt skadd, og det var ikkje teikn på liv.[4] Ho blei antatt omkomen umiddelbart,[5] og 30. juli blei dødsfallet stadfesta.[6] Etter hennar ønsket blei ikkje liket henta ut frå fjellet.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads