Laurdag

vekedag From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Laurdag er den einaste dagen i veka som ikkje er kalla opp etter nokon gud eller himmellekam. I staden viser namnet til det ein brukte å gjera på denne dagen, nemleg å bada eller lauga seg. På andre språk er dagen gjerne kalla opp etter sabbaten, den jødiske kviledagen, eller den romerske guden Saturn. På maorispråket er han òg kalla vaskedagen, rahoroi.

Meir informasjon Veka ...

Det er vanleg å halda val denne dagen i Australia, og på New Zealand er det den einaste lovlege valdagen.

Remove ads

Laurdag som heilagdag

Laurdag er sabbatsdagen innan jødedommen, den opphavlege sjuande dagen, då Gud i følgje skaparforteljinga kvilte.

For jødar markerer dermed laurdagen slutten på veka. For muslimar, som feirar fredag som heilagdag, er han derimot den første dagen i ei ny veke.

Laurdag som helgedag

Kristendommen flytta kviledagen til sundag, og kristne arbeidde lenge på laurdagen. I nyare tid har ein gradvis utvida helga, slik at også laurdagen blei ein fridag. Ei stund hadde ein mellom anna halve skuledagar på laurdagar i Noreg, medan dagen no er heilt undervisingsfri.

Også før laurdagen blei ein fridag var det vanleg å slappa av eller festa på denne dagen, ettersom ein kviledag skulle koma etter. Laurdag er framleis ein vanleg dag å halda festar på, medan norske ungar er vane med å eta laurdagsgodt på denne dagen.

Remove ads

Sjå òg

  • Baron Samedi, «Baron Laurdag», ein av gudane til dei døde i voodoo-religionen


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads