Lavadom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein lavadom eller ein pluggdom er i vulkanologi ein omtrentleg sirkelforma haug som kjem av felsisk lava som har rend sakte ut (vanlegvis rhyolitt eller dasitt) frå ein vulkan. Han kan òg ha oppstått over fleire utbrot med forskjellige typar magma. Den karakteristiske dom-forma kjem av det høge innhaldet av silika i magmaen, som gjer han ganske viskøs og tjukk. Viskositeten til lavaen hindrar han i å renne langt bort frå ventilen han kjem ut frå, slik at han raskt størknar og byggjer seg opp over til ei dom- eller kuppelliknande form. Domane kan verte fleire hundre meter høge og kan vekse sakte og jamn i månader eller år. Sidene av desse strukturane består av ustabile steinsmassar. Sidan gasstrykket inne i domen kan auke er det ein sjanse for at det kan oppstå meir eksplosive utbrot frå domen over tid. Når delar av lavadomen kollapsar medan han framleis inneheld smelta stein og gass kan han produsere pyroklastiske straumar, ein av dei mest dødelege vulkanske hendingane som kan oppstå. Andre farar assosiert med lavadomar er øydelegging av eigedommar, skogbrannar og laharar skapt av pyroklastiske straumar nær snø og is. Lavadomar er ein av dei vanlegaste strukturane til mange stratovulkanar verda over.



I samband med lavadomutbrot får ein ofte grunn og langvarig seismisitet, som kjem av væsketrykket som oppstor i ventilen. Andre eigenskapar er den sfæriske forma, at dei oppstår over lang tid og brå og kraftige eksplosjonsarta utbrot.[1] Kor raskt ein dom veks kan vere ein grov indikator på kor mykje magma som er til stades, men det er ikkje noko systematisk forhold mellom kor lang tid eit utbrot varer og om det vil utvikle seg til å verte eksplosivt.[2]
Nokre av dei mest kjende aktive lavadomane i verda er Merapi sentralt på Java i Indonesia, Soufrière Hills på Montserrat og Mount St. Helens i Washington. Lassen Peak nord i California er ein av dei største lavadomane i verda og er den einaste vulkanen i Kaskadefjella i lag med Mount St. Helens som har hatt utbrot på 1900-talet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.