Lavvo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lavvo
Remove ads

Lavvo (av nordsamisk lávvu) er eit tradisjonelt samisk telt som har vore brukt av nomadiske samar i over 2 000 år. Lavvoen er lett å flytte på, og er godt eigna til samane sitt tradisjonelle nomadeliv.

Thumb
Samisk familie ved lavvo i 1890-åra.

Skildring

Thumb
Lavvo ved Farris Naturskule i Larvik.

Ein lavvo består av fleire pålar (raier) som er festa i toppen og spreidd utover i ein sirkel. Duken bestod tidlegare av sammensydde reinskinn, men i dag vert brukt duk av ulike stoff. Duken vert fest i bakken med tau og pluggar. I midten fyrer ein med eit bål for å halda varmen. Røyken går ut i toppen av lavvoen. Lavvoen vert kjegleforma når han er oppslegen.

Lavvoen liknar mykje på nordamerikanske tipiar, men er litt lågare og toler difor vinden betre.

Thumb
Prinsippmodell av tradisjonell lavvo utstilt i Murmansk regionmuseum (Мурманский областной краеведческий музей)
Remove ads

Moderne lavvo

I dag finst lavvoar i mange ulike variantar. Venor i Kautokeino starta i 1984 å vidareutvikle dei tradisjonelle lavvoane, og kom ut med modellane Ovnslavvo og Einstangslavvo, begge med stenger av aluminium i staden for dei tradisjonelle trestengene. Desse forandringane gjorde at lavvoen vart lettare å slå opp, og lettare å frakta med seg. Dette gjorde at lavvuen raskt gjekk over frå å vere ein bustad berre for samane, til å bli allemannseige hos friluftsfolk over heile landet.

Dei minste (einstangslavvoane) består av ei teltstang i midten og veldig lett kunststoffduk. Dei største lavvoane har fleire aluminiumstenger og tjukkare duk. Dei største lavvoane kan romma meir enn 100 personar. I dag er det òg vanleg å bruka omn til fyring inni lavvoen.

Remove ads

Sjå òg

Thumb
Kommunevåpenet til Kautokeino kommune i Finnmark viser ein gull-lavvo i blått. Det vart godkjent 1987.
  • Gamme, tradisjonell samisk jordhytte
  • Tipi, tradisjonelt, konisk telt hos sletteindianarar i Nord-Amerika
  • Wigwam (wickiup), kuppelforma hytte hos indianarar i Nord-Amerika
  • Hogan, tradisjonell jordhytte hos navajofolk
  • Jurt, tradisjonelt filttelt hos nomadar i Sentral-Asia.
  • Tsjum, tradisjonelt, konisk telt hos nenetsarar i Nordvest-Russland
  • Jaranga, tradisjonelt telt hos visse nomadiske grupper i Sibir og Nord-Russland

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads