Lea

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Lea
Remove ads

Lea og Leah er namn som kan brukast som kvinnenamn, stadnamn og slektsnamn. Førenamnet Lea har namnedag i Sverige den 26. juni og i Noreg den 28. juni.

Thumb
Reklameplakat for mellom andre buktalaren Leah Bell.
Thumb
Kunstnaren Lea Grundig.

Tyding

Som personnamn kan namnet koma frå det hebraiske namnet Leah (לֵאָה). Tydinga av dette namnet er ukjend, men det kan tyda 'villku', 'svekka' (frå לְאָה, le'ah) eller koma frå eit kaldeisk namn som tyder 'herskarinne'.[1] Lea er mellom anna nemnd i Bibelen som den første kona til patriarken Jakob, stammora til seks israelsstammar.[2] Lea kan også stamma frå italiensk som ei kvinneleg form av namnet Leo, 'løve', eller avleidd av gresk Leaina, 'holøve'.[3] Dette namnet kan også ha forma Lia.

Det engelske stad- og etternamnet Lea er i slekt med Lee. Ordet har gjerne gammalengelsk opphav og kan visa til ein stad i skogen eller ei glenne. Elva Lea har derimot keltisk opphav og usikker tyding, kanskje 'lett elv'.[4]

Remove ads

Bruk

Namnet har lenge vore brukt i jødisk tradisjon, men blei først vanleg blant kristne etter reformasjonen.[5]

Lea er eit vanleg norsk etternamn. Ved byrjinga av 2008 var det 730 vaksne i Noreg som hadde dette etternamnet, i følgje SSB.

Namneberarar

  • Heilage Lea, romersk enkje og nonne som levde på 200- eller 300-talet, vernehelgen for enkjer med festdag 22. mars.
  • Lea Ahlborn, fødd Lundgren (1826-1897), svensk kunstnar
  • Lea Grundig, fødd Langer (1906-1977), tysk jødisk kunstnar
  • Lea Padovani (1920–1991), italiensk skodespelar
  • Lea Massari (f. 1933), italiensk skodespelar
  • Lea Thompson (f. 1961), USA-amerikansk skodespelar
  • Leah Remini (f. 1970), amerikansk skodespelar
  • Leah Isadora Behn (f. 2005), dotter av prinsesse Märtha Louise og Ari Behn

Berre Lea:

  • Lea blei brukt som løyndenamn av den svenske forfattaren Josefina Wettergrund på 1800-talet

Stadnamn

  • Lea i Derbyshire
  • Lea i Lancahire
  • Lea i Lincolnshire
  • Lea i Wiltshire
  • Lea i Sandnes
  • Elva Lea (Lee) sør i England

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads