Lea Myren
norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lea Mathilde Skar-Myren (fødd 21. april 2001) er ein norsk skodespelar og modell.[1]
Ho vart kjend etter å ha spelt hovudrolla Maya i dramaserie Jenter på NRK (2013–2015; 2018). Seinare har ho spelt hovudrollene Jeanette i situasjonskomedien Familien Lykke (frå 2020) på NRK og Monica «Tatærn» i dramaserien Kids in Crime (frå 2022) på TV 2.[2]
Myren har òg opptredd i biroller i ei rekke NRK-seriar, inkludert i situasjonskomedien Side om side (2018) og ungdomsserien Blank (2019).[3]
Remove ads
Bakgrunn
Lea Mathilde Skar-Myren voks opp i Oslo som den første dottera til forskaren Ane-Marthe Solheim Skar.[4] Etter å ha gått ungdomsskulen på Fyrstikkalleen skole tok Myren dramalinja ved Hartvig Nissens skole; ho gjekk ut frå vidaregåande skule i 2020.
Karriere
Myren hadde dei første TV-opptredenane sine i 2009 i NRK sin barne-TV-serie Superia, der episodane inneheldt innslag der ho og jamaldra barn guida sjåarane gjennom eit dataspel.[5][6] Sidan spelte ho hovudrolla som Maya i den første sesongen av dramaserie Jenter (2013) på NRK.[7] I dei fire følgjande sesongane av serien, fram til 2015, fortsette ho som Maya, som då var ei birolle i produksjonen.[8]
Ho hadde seinare ei birolle i ein episode av situasjonskomedie Side om side (2018) på NRK.[9] I 2019 hadde ho fleire biroller i ulike TV-seriar, mellom anna i ungdomsserien Blank og situasjonskomedien Allerud VGS.[10][11][12] Myren hadde same år òg ei statistrolle i Dottera ved Det Norske Teatret,[13] og arbeidde som lyssjef i Nissenrevyen. Ho fekk året etter hovudrolla som Jeanette i situasjonskomedie Familien Lykke ved NRK.[14]
I 2021 arbeidde Myren som klesmodell for merket Also Worldwide, og bidrog med promotering av Also Worldwide.[15][16] Myren hadde òg den første filmrolla si i Aldri i Livet,[17] og opptredde i musikkvideoen til Kristian Skylstad sin song «Never Lose That Childish Glow in Your Eyes».[18][19]
Remove ads
Filmografi
Fjernsyn
Film
Musikkvideo
Reklame
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads