Leeds og Liverpoolkanalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Leeds og Liverpoolkanalen
Remove ads

Leeds og Liverpoolkanalen (engelsk The Leeds and Liverpool Canal) er ein kanal som går mellom Leeds og Liverpool i Nord-England. Kanalen er 205 kilometer lang og omfattar 91 sluser i hovudløpet. Han krysser Penninane, og har sitt høgaste punkt 149 meter over havet.

Thumb
Fem sluser etter kvarandre, Bingley Five Rise Locks, i Leeds og Liverpoolkanalen.

Historie

Thumb
Kanalbåten «Wye» går gjennom Foulridge-tunnellen i 1973.

Det blei lagt fram forslag om å byggja ein kanal for å knyta saman dei veksande byane i Yorkshire, som Leeds, Wakefield og Bradford, med hamna i Liverpool på midten av 1700-talet. Den nye transportåra ville gjera det lettare å transportera industriprodukt og råvarer mellom aust og vest.[1]

Ein fekk klarsignal frå parlamentet til å byrja bygginga av kanalen i mai 1770. Det blei halde ein opningsseremoni i Halsall, nord for Liverpool, 5. november same året. Den første delen av kanalen mellom Bingley og Skipton opna i 1773.[2] I 1774 hadde ein fullført kanalen mellom Skipton og Shipley, inkludert viktige ingeniørverk som Bingley Five Rise Locks, Bingley Three Rise Locks og ein akvedukt over elva Aire ved Dowley Gap. Bradfordløpet blei også fullført. På vestsida blei delen mellom Liverpool og Newburgh groven ut. I løpet av det neste året var Yorkshire-delen blitt forlenga til Gargrave, og i 1777 blei kanalen samanbunden med Aire- og Calderkanalen i Leeds.[2] På vestsida nådde han Wigan i 1781, og erstatta den tidlegare Douglas-kanalen. Dette året tok dei innsamla midla til prosjektet slutt, og arbeidet slutta med Rufford-løpet frå Burscough til elva Douglas ved Tarleton. Den amerikanske sjølvstendekrigen og følgjene gjorde det umogleg å fortsetja arbeidet i over eit tiår.[3]

I 1789 blei bygginga gjenoppteken etter at ny finansiering blei ordna. Kanalen blei ferdigstilt i 1816.[2] Kol var den viktigaste vara ein transporterte, men ferdige produkt blei også frakta. Kanalen konkurrerte med jernbanetransport på heile 1800-talet, og blei verande open på 1900-talet, sjølv om han var mindre brukt. Ein kjenner til at det føregjekk handel via kanalen heilt fram til 1980-åra. Frå 1950- og 1960-åra var likevel fritidsbåtar den viktigaste ferdselen på kanalen.

I mars 2009 opna ein ny kanaldel, Liverpool Canal Link.[4] Kanalen går til South Docks i Liverpool via Stanley Dock,[5] slik at ein kan sigla forbi dei kjende bygningane på Pier Head til Albert Dock. I august 2010 blei rundt 95 km av kanalen stengd på grunn av låg vasstand etter ein særs tørr start på året. Kanalen blei gjenopna i september med visse restriksjonar.[6]

Remove ads

Stader

Thumb
Leeds og Liverpoolkanalen ved Granary Wharf i Leeds
Thumb
Kanalen i Saltaire. Fabrikkbygningar bygd av Titus Salt.
Thumb
Bingley Five Rise-slusene.
Thumb
Brua med to bogar (nummer 161) ved East Marton.
Thumb
Kanalbåtar ved Appley Bridge
Thumb
Bell's Swing Bridge #16 i Lydiate.

Frå aust til vest går kanalen forbi desse stadene:

Rufford-løpet:
  • Rufford
  • Sollom
  • Tarleton
Stanley Dock-løpet:
  • Stanley Dock
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads