Legendary Hearts

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Legendary Hearts er det tolvte studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i mars 1983 av RCA Records. Reed produserte albumet sjølv og dediserte det til den dåverande kona si, Sylvia, som vart tilskriven for konseptet på plateomslaget. På grunn av krangling med Reed vart dei fleste gitarpartia til Robert Quine miksa ned eller fjerna heilt.[1]

Meir informasjon Lou Reed-kronologi, Singlar frå ...

Legendary Hearts nådde 159. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista. Det kom ut to singlar frå albumet: «Don't Talk to Me About Work» og «Martial Law», men ingen av dei gjekk inn på listene. Det vart laga to musikkvideoar for albumet: «Legendary Hearts» og «Don't Talk to Me About Work».

Remove ads

Innspeling

Robert Quine sa seinare om arbeidet sitt med Reed, «Stemninga var verkeleg spent - det er umogeleg å vere ven med han. Då eg fekk den endelege miksen, vart eg verkeleg skremt. Han miksa meg stort sett ut av plata. Eg var i Ohio og tok opptaket ut i oppkjørselen og knuste bandet i tusen bitar. Eg har kassettar med den uferdige miksen av plata, og det var ei veldig bra plate, men han gjorde det heile gjørmete og grumsete.»[1]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Legendary Hearts kom ut fekk det positive meldingar frå kritikarane. Musikkjournalisten Robert Christgau skreiv i The Village Voice at «om The Blue Mask var ein tonic, er oppfølgjaren ein drink berre fylt med vatn, der han byter ut effekt og intensitet for det uttalte målet for denne (endelege?) fasen av musikken til Reed: kontinuitet, å klare seg, det lange løpet.»[11] NME-kritikaren Cynthia Rose skreiv at Legendary Hearts var «kanskje det reinaste, mest flytande og andelege musikken du kjem til å høyre i rock and roll på ei tid – der den reinsa, deklamerande vokalen til Reed er heilt framme».[12]

Robert Palmer i The New York Times likte Legendary Hearts og skreiv det var «ein songsyklus utan nokre svake punkt... Alle songane er personlege, frå det heimlege stillebenportrettet «Rooftop Garden» til «Bottoming Out» og «The Last Shot», kraftige konfrontasjonar mellom den kjærlige ektemannen Lou Reed og det sjølvdestruktive monsteret Lou Reed. Den einaste skurken på Legendary Hearts er Lou Reed, men fordi han har konfrontert sine egne skavankar like tappert som han ein gong konfronterte dekadensen rundt han, er han også helten på albumet. Dei to Lou Reed-ane har endelig blitt eitt.» Palmer roste òg musikarane, og skreiv «spelinga til bandet og arrangementet gjer desse fine låtane enno betre... Deti meir reflekterande augneblinka på albumet blir gjort djupare og rikare av ensemblespel som klarer å vere skånsamt utan nokon gong å miste strekkstyrken.»[13]

Ira Robbins i Trouser Press skreiv at albumet «står side ved side med eit kvart anna Reed album heilt attende til Velvets i substans og står ut som det sterkaste verket hans i stil, og brukar gruppa som ei kraftig lense som forstørrar emna og besettelsane ned til finaste detalj.»[14]

Legendary Hearts vart seinare plassert på sjuandeplassen i den årlege kritikarundersøkinga Pazz & Jop i The Village Voice.[15]

Seinare skreiv kritikaren Mark Deming i AllMusic om albumet: «På Legendary Hearts skreiv Reed flotte songar, og spelte dei med entusiasme og fantasi, og song dei alle med hjarte og sjel, og om det var ikkje hans beste album, var det meir enn bra nok til å stadfeste at det glimrande The Blue Mask ikkje var tilfeldig, og at Reed hadde reetablert seg som ein av dei viktigaste artistane i amerikansk rock.»[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Lou Reed

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Henta frå plateomslaget til Legendary Hearts.[16]

Produksjon

  • Lou Reed plateprodusent
  • Corky Stasiak lydteknikar
  • Jim Crotty – lydteknikar
  • Greg Calbi mastering
  • Waring Abbott fotografi; kunstnarisk leiar
  • Sylvia Reed – konsept for plateomslaget

Salslister

Meir informasjon Liste, Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads