Legs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Legs» er ein song av bandet ZZ Top frå 1983 på albumet Eliminator. Songen kom ut på singel i 1984 og nådde då åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA. Dance mix-versjonen av songen nådde 13. plassen på dance-lista i USA.[3]
Alle dei tre medlemmane av ZZ Top står oppført som musikarar på innspelinga, men det var i røynda berre Gibbons som spelte. Lydteknikaren Terry Manning stod for resten av musikken utanom sologitaren.[4]
Singelmiksen av «Legs» er meir synthesizer-driven enn albumversjonen. Sjølv om ein kan høyre synthesizeren på albumversjonen òg, er han tona ned.
Remove ads
Musikkvideo
Musikkvideoen til «Legs» var den tredje og siste i Eliminator-serien av videoar der bandet nytta Ford-modellen frå 1933,[5] og «Eliminator-jenter». Alle dei tre musikkvideoane var regisserte av Tim Newman. Videoen vann MTV-prisen for årets beste gruppevideo i 1984.[6] Dette var det første året prisen vart gjeven ut.
Andre versjonar
- Nickelback spelte inn songen i 2011 på ZZ Top: A Tribute from Friends
- Tina Turner spelte songen på konsertane sine og ein versjon kom ut på The Collected Recordings – Sixties to Nineties.
- Trace Adkins spelte sin versjon av songen i 2002 på albumet Sharp Dressed Men: A Tribute to ZZ Top.
- Kid Rock spelte inn songen i 2002 på albumet WWF Forceable Entry.[7]
Salslister
Medverkande
- Billy Gibbons – gitar, solovokal
- Dusty Hill – bass, klaverinstrument , korvokal
- Frank Beard – trommer, perkusjon
- Terry Manning – lydteknikar, miks, programmering
- Linden Hudson – før-produksjon[22][23]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads