Leinesfjord
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leinesfjord er administrasjonssenteret i Steigen kommune. Staden ligg på eit nes ved utløpet av Myklebostadelva, mot nord ligg fjordarmen Saursfjorden. Fjordarmen Botnfjorden ligg i sør. På staden finst eit vertshus, helsesenter, Knut Hamsun videregående skole avdeling Steigen, daglegvarebutikkar, kiosk og bensinstasjon. Fylkesveg 835 går gjennom staden og gjev samband med europaveg 6 i Hamarøy kommune. Ca. 1,5 kilometer langs FV835, sør for sentrum, ligg Leinesfjord kapell.
Leinesfjord er òg ein tettstad i følgje oversyn over tettstader hos Statistisk sentralbyrå. Staden har 243 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Folketeljinga frå 1865 skildrar sju matrikkelgardar på staden med Myklebostad i gardsnamnet.[1] På eldre kart finn ein bygda her namnsett som Myklebostad.[2]
Tidlegare Leiranger kommune, 1900-1964, femna om området omkring den opne Leinesfjorden og skjergarden utanfor.[3]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads